Besøk meg gjerne i ulike kanalar
Finn oss
Vestavin
Kva meir er mogleg å få til med vestlandske råvarer? Det er spørsmålet som først sette Camilla Aasen på sporet av fruktvin og som er kjernen i Vestavin. I Juli 2021 kjøpte Camilla det nedlagte småbruket «Ystebakken» på Årdalsbakke på Jølster. Der kan ein oppleve Vingarden på Jølst, ein fruktvingard under oppbygging, med utsal, omvisingar med smaking av alkoholhaldige og alkoholfrie produkt, konsertar og andre arrangement.
Nokre plantar har komme i jorda, både aronia, rabarbra, solbær, rips, stikkelsbær, jostabær, kirsebær, plommer og eple. Etter som månadane og åra går, vil fleire følgje etter, og målet er å fylle heile garden med ymse råvarer som trivst i det vestlandske klimaet. Ein eigen produksjon av råvarer opnar dørene for ein eigen produksjon av fruktvin på garden, og det er mogleg å kjøpe med seg flasker med Vestavin direkte frå Vingarden på Jølst.
Utsal: Utsalet på Vingarden på Jølst har faste opningstider gjennom heile året torsdag kl 16-18.
Sommarsesong 2024: I sommarsesongen blir det utvida opningstider i utsalet og omvisingar med smaking til faste tider. Opningstider og billettar: vestavin.no
Grupper: Det er alltid ope for gruppebestillingar på Vingarden på Jølst, om de ønsker vinsmaking, omvising, vinkurs, matservering, tilrettelegging for møte/seminar, utdrikkingslag, julebord eller noko anna. Ta kontakt på post@vestavin.no. |
Vestavin