Finn oss
Skei Servicenter





Velkomen til ei fullverdig stoppepause langs vegen. Hos oss kan du lade både bilen og deg sjølv. Enten du er på langtur i Norge, på veg til hytta, campingplassen – eller berre treng ein god pause, er vi ein naturleg stad å stoppe. Vi tilbyr Tesla- og Ionity-ladarar, drivstoff, bilvask, kioskvarer, kaffi og is. I tillegg har vi eit stort og variert mattilbod, laga for både svoltne reisande og fastbuande. På menyen finn du alt frå saftige hamburgarar til klassiske norske tradisjons rettar som kjøttkaker. Vi serverer dagens middag kvar dag, med rettar som raspekake, steikt flesk, jølstraaure, lasagne – og mykje meir. Her får du skikkeleg mat, laga for å smake. All mat kan òg bestillast som take away – perfekt om du vil sleppe å lage mat på hytta eller campingplassen. Du kan bestille direkte i kassen hos vårt hyggjelege personale, eller bruke OKAM-appen og ha maten klar når du kjem: https://shop.okam.no/store/skei-servicenter
Ta ein pause hos oss – god mat, enkel lading og ekte norsk gjestfridom.
Skei Servicenter