Finn oss
Jølstramuseet
I kunstgalleriet har vi salsutstillingar av lokale og nasjonale kunstnarar heile året.
Jølstramuseet er eit privat bygdemuseum med opptil 400 år gamle hus og fleire tusen historiske bruks- og pynteting, hovudsakleg frå Jølster. Ta deg tid til å nyte naturhagen, som omkransar husa.
Jølstramuseet er eit levande tun, der vi arrangerer konsertar, bryllaup og andre festlege lag. Ta deg tid til å samle familie og vener for å nyte ein god middag i fantastiske omgjevnader.
Heidi Fossheim og Frode Årdal, tar i mot deg i sitt eige tun på Jølstramuseet. Det var Heidi sin bestefar som starta museet i 1921. Heidi og Frode legg vekt på å formidle både Jølstrahistoria og maten på ein lun og ekte måte. Mange gjester kjem igjen og igjen til Jølstramuseet, nettopp på grunn av den gode maten og den lune atmosfæren som vertskapet står for.
Jølstramuseet