Finn oss
Jølstraholmen Landskapshotell





Midt i hjartet av Sunnfjord finn du Jølstraholmen Landskapshotell – vakkert plassert langs den fiskerike elva Jølstra, som snor seg rundt tunet. Her bur du tett på naturen, med komfort, ro og gode opplevingar like utanfor døra.
Vi tilbyr eit mangfald av overnatting – frå camping og glamping til delux hytter og suiter med alle fasilitetar du treng. Hos oss kan du òg nyte eit godt måltid i Restaurant Kraftverket, der vi serverer mat med fokus på råvarer, sesong og handverk.
For barnefamiliane har vi mykje å finne på: vassklie, zip-line, badedam med kajakk og SUP-brett, interaktive leikeapparat, bordtennis, trampoliner – og mykje meir. Og har du prøvd vår populære elvasauna?
Sjå gjerne Instagram-sida vår for fleire bilete og tips til ting å gjere i Jølster.
Jølstraholmen Landskapshotell