Finn oss
Jølster Skisenter
Jølster Skisenter tilbyr alpine ski løyper som passar alle. Frå den heilt ferske nybegynnar til den røynde skiløpar som krev utfordringar. Samla lengde preparerte ski løyper er ca. 4000 m. Gjestane våre kan velge mellom 4 skiheisar. Skitrekka Kvamsheisen og Bjørkeliaheisen, samt barnetrekka Uglumheisen og Hauglandsheisen. Som gjest i område kan du nytte deg av bomvegen som tek deg til øvrde del av anlegget og utløyser eit godt startpunkt for topp og rundturar.
I Jølster Skisenter finn du flotte frikøyringsområder, både ovanfor tregrensa og nede i skogen. I fjella kring Jølster Skisenter finn du mange flotte fjelltoppar og snødekte fjellsider som berre ventar på skispor. Jølster Skisenter tilbyr også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, og vi har lysløype for langrenn og 10 – 30 meters hoppbakke, samt skileikanlegg og 2 svært særprega grillstover. Ved starten av anlegget finn du parkeringsplassar, varmestove med kafe, skiutleige og sanitæranlegg
Jølster Skisenter