Finn oss
Jølster Rafting
Ta med eventyrlysta di til oss, så tek vi deg med på ei spennande, utfordrande og vekker oppleving med ei trygg ramme rundt det heile.
Hos Jølster Rafting AS kan du flytte dine grenser, og oppleve friske aktivitetar i storslagen og vakker natur. Her kan du oppleve Noregs tettaste kombinasjon av rafting og bredvandring, i tillegg til alle dei andre aktivitetane.
Du kan sjølvsagt komme til oss berre for å gjere ein av aktivitetane. Men, mange grupper kjem til oss for å gjere fleire aktivitetar, og gjerne kombinere desse med grillmat i vår lavvoleir og eit varmt bad i våre badestampar. Sjølv om dagsarrangementet er det mest vanlege, så arrangerer vi også ein del 2, 3 og 4 dagers arrangement der alt er inkludert.
Jølster Rafting