Finn oss
Jølster Boat Tours
Guidede båtturar
La oss ta deg med på det fantastiske Jølstravatnet. Vi tek deg til dei vakraste stadene og let naturen tale for seg sjølv. Jølster Boat Tours tilbyr guida båtturar i det vakre landskapet i Vest-Noreg. Jølstravatnet har alt du kan drøyme om når det kjem til natur. Omgjeve av bratte fjellsider, høge fjell og Jostedalsbreen kan du oppleve alt dette frå båten.
Jølstravatnet er 30 kilometer langt og 230 meter djupt, og det er ein av dei beste innsjøane for aurefiske i Nord-Europa. Frå vatnet kan du sjå korleis breen har forma landskapet i Jølster gjennom tiår med istid, med bratte, glatte fjellsider og smale fjordar. Landskapet har vore ei stor inspirasjonskjelde for den verdskjende kunstnaren Nikolai Astrup, og har fått evig liv i hans måleri og kunstverk.
Jølster Boat Tours stiller med redningsvestar og kaptein på alle turar. Jølster er vakkert i all slags vér, men på regnvêrsdagar er det lurt å kle seg godt og varmt. Bestill turen din i dag!
Jølster Boat Tours