Finn oss
Fjordamattunet
Fjordamattunet er bygd opp rundt Kari Støfringsdal sin unike kompetanse på tradisjonsmat og matkultur.
I det gamle tunet i Støfringsdal på Vassenden har ekteparet Kari og Odd Støfringsdal bygd opp eit unikt aktivitetssenter med vekt på formidling av tradisjonsmat og matkultur. I det gamle mjølkerommet og grisefjøsen er det bygd eit nytt kjøkken med vedfyrt bakaromn. Her lagar ein mat i fellesskap, og det gode måltidet er ein svært viktig del av total-opplevinga; lære, oppleve og nyte. I flukt med kjøkkenet har ekteparet direkte inngang til den gamle låvebygningen, kor familien har halde bryllaup og arrangert konsertar, mellom anna under Førde internasjonale folkemusikkfestival.
Fjordamattunet tilbyr kurs i tradisjonsbakst som lefse, flatbrød, potetkake og svelekake. I den vedfyrte bakaromnen lagar vi pizza og bollar, gode brød med både gjær og surdeig.
Vi har òg sesongkurs som konservering av frukt, bær og grønsaker, laging av pølse og julepålegg.
Fjordamattunet